NN

Cerro Torre

Cerro Torre er eit fjell i Det sørpatagonske isfeltet i Sør-Amerika. Det ligg i eit område som er omstridd mellom Argentina og Chile,[1] vest for Cerro Chalten (òg kjend som Fitz Roy). Toppen er den høgaste av fire fjell i ei rekkje, der dei andre er Torre Egger (2685 m),[2] Punta Herron og Cerro Standhardt. På toppen av fjellet ligg ofte ein soppforma isklump av rimis, forma av konstant kraftig vind og ising, noko som gjer det vanskeleg å nå sjølve toppen.

Cerro Torre
fjell
Cerro Torre i 1987
Land  Argentina, Chile
Fjellkjede Andes
Topp Patagonia
  høgd 3 128 moh.
  Primærfaktor 1 227 m
  koordinatar 49°17′34″S73°05′54″W
Lettast tilkomst fjellklatring i fjell, snø og is.
Førstestiging Daniele Chiappa, Mario Conti,
Casimiro Ferrari og Pino Negri (IT)
  dato 1974

Cerro Torre
49°17′34″ S73°5′54″ W
Wikimedia Commons: Cerro Torre

. . . Cerro Torre . . .

Cesare Maestri hevda i 1959 at han og Toni Egger hadde nådd toppen av fjellet og at Egger hadde blitt råka av eit snøras på veg ned att og omkom. Meastri hevda at Toni hadde med seg bileta som viste at dei hadde vore på toppen, men kameraet vart aldri funnen. Hol i historia til Maestri og mangelen på boltar og tau har gjort at andre fjellklatrarar har sådd tvil om Meastri verkeleg nådde toppen.[3] I 2005 sette Ermanno Salvaterra, Rolando Garibotti og Alessandro Beltrami, etter mange forsøk frå fjellklatrarar i verdsklassen, ei rute langs veggen som Meastri hevda å ha klatra.[4][5] Dei fann ikkje noko bevis på at nokon hadde klatra der før, og fann ut at ruta var heilt annleis slik Maestri hadde skildra.

Meastri vendte attende til Cerro Torre i 1970 med Ezio Alimonta, Daniele Angeli, Claudio Baldessarri, Carlo Claus og Pietro Vidi, og prøvde ei ny rute på søraustveggen. .Ved hjelp av ein gassdriven kompressbor, utstyrte Maestri 350 meter fjell med boltar og kom til enden av det berglendte partiet av fjellet, like nedanfor is-soppen.[6] Maestri hevda at «soppen ikkje var ein del av fjellet» og fortsette ikkje til toppen. Boret vart hengane att på den siste bolten, 100 meter nedanfor toppen. Meastri vart kraftig kritisert for dei urettvise metodane han nyta under klatringa av fjellet.

Ruta Maestri følgde vert no kalla «Kompressorruta» og vart klatra til toppen i 1979 av Jim Bridwell og Steve Brewer.[7]

Den første uomstridde klatringa vart gjort i 1974 av Ragni di Lecco-klatrarane Daniele Chiappa, Mario Conti, Casimiro Ferrari og Pino Negri.[4]

Cerro Torre vart filma i 1991 i filmen Scream of Stone, regissert av Werner Herzog med Vittorio Mezzogiorno, Hans Kammerlander og Donald Sutherland.

Jon Krakauer nemner fjellet i Into Thin Air, som ein av dei tidlegare vanskelege klatreturane sine.[8]

Somme fjelltpopar i Cerro Torre-gruppa: 2: Cerro Torre, 3: Torre Egger, 4: Punta Herron, 5: Aguja Standhart, 7: Aguja Bífida, 11: Cuatro Dedos.

. . . Cerro Torre . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Cerro Torre . . .

Back To Top