NN

Guangdong

Guangdong er ein provins sør i Folkerepublikken Kina. Provinsen dekker ei flatevidd på 187 800 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 96,38 millionar. Guangdong grensar mot provinsane Fujian, Hainan, Hunan, Jiangxi, den autonome regionen Guangxi og dei særleg administrerte regionane Hong Kong og Macao. Guangzhou er hovudstad i provinsen. Andre større byar er Shantou, Shenzhen, Zhanjiang og Zhuhai.

Guangdong
provins
Offisielt namn: 广东省, Guǎngdōng

Fleire namn: Canton, Kwangtung[1]
Land  Kina
Del av Southeast China

Guangdong
23°24′ N113°30′ E
Guangdong i Kina.
Guangdong i Kina.
Wikimedia Commons: Guangdong

Namnet Guangdong (kinesisk skrift 廣東, pinyin 廣東省 Guǎngdōng) tyder ‘vidare aust’, og stammar frå den tida då Guangdong var skilt frå kinesarane, og enno var eit vidt, ubefolka landområde.

. . . Guangdong . . .

Guangdong ligg på kysten mot Sørkinahavet, og har ei 4 300 km lang kystline. I sørvest ligg halvøya Leizhou, sør for spissen av halvøya finn ein øyprovinsen Hainan.

Perleelva sett frå Canton Tower i Guangzhou.

Landområda sør i provinsen er delt i to av Perleelva (Zhu Jiang). Sjølv om elva er einast 177 km lang, er ho ein av dei viktigaste vassvegane i Kina. Vassvegen tek til på deltaet til Perleelva, der ho møter tre store elvar. Det er den 2 197 km lange Vestelva, lenger oppe møter ho Nordelva (468 km), og sør for Guangzhou renn Austelva (523 km) ut i Perleelva. Den store elvesletta, der Perleelva munnar ut i havet, er eit viktig landbruksområde og i har i dei siste 20 åra vore brennpunktet for den økonomiske boomen i provinsen.

Ein halvdel av provinsen består av fjell og platå. Nan Ling og andre fjellkjeder i nord skil Sør-Kina frå det sentrale Kina. Høgste punktet i provinsen er Shikengkong på grensa til Hunan med sine 1 902 meter.

Guangdong har eit fuktig subtropisk klima, heilt i sør har ein nærast tropisk klima. Vintrane er korte, milde, og relativt tørre, medan somrane er lange, heite, og svært våte. Dagstemperaturane i Guangzhou er i januar gjennomsnittleg 18 °C, i juli 33°. Den store luftfuktigheita gjer at det om sommaren kjennest mykje heitare enn det termometeret viser. Frost er sjeldan på kysten, men kan i innlandet skje nokre få dagar kvar vinter.

Folketalet i Guangdong vart i 2009 rekna til 96,38 millionar. Provinsen har dei siste tjue åra hatt stor innvandring av arbeidssøkarar. Medrekna dei arbeidarane frå andre provinsar som bur i Guangdong, reknar ein at minst 110 millionar menneske lever i provinsen til ei kvar tid.[2]

98,6 % av innbyggarane i provinsen er registrert som han-kinesarar. Den største undergruppa av han-kinesarar er kantonesarar, andre slike er teochew i Chaoshan og hakkaer i Meizhou. I nord finst ei lita gruppe av yaofolk. Andre etniske minoritetsgrupper er shefolk, miao, likinesarar, og zhuangfolk.

Dei fleste kinesarane som i det 19. og tidlege 20. hundreåret utvandra til andre land i Asia og til Nord-Amerika, kom frå Guangdong.

. . . Guangdong . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Guangdong . . .

Back To Top