NN

Hurt av Roy Hamilton

«Hurt» er ein song frå 1954 av Jimmie Crane og Al Jacobs. «Hurt» vart først framført av Roy Hamilton, og versjonen hans nådde åttaneplassen på R&B Best Seller-lista og låg i alt sju veker inne på lista.[1] Songen vert rekna som ein signaturlåt for Timi Yuro, som nådde fjerdeplassen på Billboard pop-lista i 1961. Juice Newton sin versjon frå 1985 gjekk til topps på countrylista.

Hurt
Singel av Roy Hamilton
Utgjeve 1954
Sjanger R&B
Selskap Epic9086
Låtskrivar(ar) Jimmie Crane
Al Jacobs
Roy Hamilton-kronologi
«Ebb Tide»
(1954)
Hurt «Unchained Melody»
(1955)

. . . Hurt av Roy Hamilton . . .

Hurt
Singel av Juice Newton
frå albumet Old Flame
B-side «Eye of a Hurricane»
Utgjeve November 1985
Innspelt August 1985
Sjanger Country
Selskap RCA14199
Produsent Richard Landis
Juice Newton-kronologi
«You Make Me Want to Make You Mine»
(1985)
Hurt «Old Flame»
(1986)

  • I 1961 gjekk Timi Yuro sin versjon av «Hurt» opp til fjerdeplassen på Billboard Hot 100,[2] andreplassen på BillboardEasy Listening-lista[3] og 22. plassen på R&B-lista.[4]
  • I 1964 spelte Little Anthony and the Imperials inn ein versjon på albumet deira «Goin’ Out Of My Head».[5] Denne versjonen vart ein liten hit og nådde 51. plassen på Billboard Hot 100, to år seinare (1966).[6]
  • I 1964, Alain Barriere – «Ma vie» (fransk versjon).
  • I 1967, Dalida – «A qui»; (Hurt).
  • I 1967 fekk den italienske songaren Fausto Leali ein personleg triumf med ein lokal versjon kalla «A chi» som vart den bestseljande singelen i Italia det året.
  • I 1973 gav Bobby Vinton ut ein versjon av «Hurt». Vinton sin versjon gjekk til topps i Flamsk Belgia,[7] og tredjeplassen i Nederland,[8] og 40. plassen på BillboardEasy Listening-lista.[9] Songen kom ut i 1974 på albumet hans With Love.
  • I 1976 spelte Elvis Presley inn songen. Presley sin versjon nådde 28. plassen på Billboard Hot 100,[10] og sjuandeplassen på Billboard Easy Listening-lista,[11] sjetteplassen på BillboardHot Country Singles-lista,[12] og 37. plassen UK Singles Chart.[13]
  • I 1976 spelte The Manhattans inn songen for albumet The Manhattans. Versjonen deira nådde 10. plassen på Billboard R&B-lista og fjerdeplassen på den britiske singellista.[14]
  • I 1981 spelte Carly Simon inn songen for Torch og vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet.
  • I 1986 fekk Juice Newton den tredje countryhitten sin på toppen av lista me sin versjon av «Hurt.» [15]
  • I 2003 song den italienske songaren Francesco De Gregori «A chi», ein versjon av «Hurt» på albumet Mix.
  • I 2015 spelte Patrizio Buanne inn songen i ein italiensk-engelsk versjon kalla «A Chi (Hurt)» for albumet hans Viva la Dolce Vita.

. . . Hurt av Roy Hamilton . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Hurt av Roy Hamilton . . .

Back To Top