NN

INF-avtalen

INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Force Treaty) var ein nedrustingsavtale mellom USA og Sovjetunionen underskriven den 8. desember 1987 av Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov.[1]

Mikhail Gorbatsjov og Ronald Reagan underteiknar INF-avtala

Avtalen gjekk ut på å eliminere alle landbaserte missil med rekkevidde meir enn 500 kilometer – opptil 1000 kilometer (korthaldsmissil), og med rekkevidde mellom 1000 og 5000 kilometer (kalla mellomdistansemissil).

Avtalen hadde òg følgjande klausular:

INF-avtalen vart i 1991 følgd av den fyrste START-avtalen (Strategic Arms Reduction Treaty), òg kalla START I, der mengda langtrekkande atomvåpen vart vidare redusert.

Presidenten i USA, Donald Trump, annonserte 20. oktober 2018 at han ville trekkja seg frå avtalen, og skulda Russland for ikkje å ha følgd han.[2][3] USA oppheva så avtalen den 1. februar 2019,[4] og Russland svara med å gjera det same dagen etter.[5] USA trekte seg formelt frå avtalen 2. august 2019.[6] 4. september 2019 sa den russiske presidenten Vladimir Putin at Russland kom til å laga nye missil men ikkje setja dei i bruk om ikkje USA gjorde det først.[7]

. . . INF-avtalen . . .

Av dei våpena som vart avgjort destruerte ved avtalen, var RT-21M (NATO-nemning SS-20) og dei amerikanske missila BGM-109 Tomahawk og Pershing II frå landbaserte avfyringsrampar.

I mai 1991 var 2692 missil øydelagde, og 10 år med inspeksjonar og verifisering om at avtalen vart etterlevd, vart gjorde i dei neste 10 åra.

Missilsystem som vart avvikla:

Begge land har skulda kvarandre for brot på avtalen. USA skulda Russland for å brya avtalen med SSC-8, som byrja testing frå 2008.[8] Desse skuldingane vart tekne opp att i 2014[9][10] og 2017.[8]

Russland skulda USA for brot på avtalen med avgjerda om utplassering av Tomahawk missil i Polen og Romania i samband med det såkalla «rakettskjoldet», [11][12][13][14] og hevda at USA òg utvikla dronar som braut avtalen.[15]

Den 20. oktober sa president Donald Trump at USA kom til å trekka seg frå avtalen.[16][2][17][18]

. . . INF-avtalen . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . INF-avtalen . . .

Back To Top