NN

Laura Ingalls Wilder

Laura Elizabeth Ingalls Wilder (7. februar 186710. februar 1957) var ein amerikansk forfattar. Ho er best kjend for barnebokserien Huste på prærien (Little House on the Prairie), som er basert på hennar eigen barndom.

Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask

Laura Ingalls Wilder

Fødd 7. februar 1867
Wisconsin, Pepin
Død

10. februar 1957 (90 år)
Missouri

Yrke skribent, romanforfattar, lærar, reporter, journalist, barnebokforfattar, sjølvbiograf
Språk angloamerikansk
Far Charles Ingalls
Mor Caroline Ingalls
Ektefelle Almanzo Wilder
Born Rose Wilder Lane
Signatur
Laura Ingalls Wilder på Commons

Laura Elizabeth Ingalls vart fødd den 7. februar 1867 i eit tømmerhus i skogane utanfor Pepin, Wisconsin av Caroline (“Ma”) Ingalls og Charles (“Pa”) Ingalls. Ho var det andre barnet i ein søskenflokk på fem; ho hadde fire sysken: storesøstera Mary Amelia Ingalls, lillesøstrene Carrie Celestia Ingalls og Grace Pearl Ingalls og ein lillebror, Charles Frederick Ingalls, som berre vart ni månader gammal.

. . . Laura Ingalls Wilder . . .

Då Laura var eit år gammal bestemde Lauras “Pa”, Charles, seg for å selja garden dei budde på for å dra sørvestover til Kansas og det indianske territoriet kor det som skjedde i boka om “Little House on the Prairie”, fann stad. Dette er staden der Charles og Caroline fekk sit tredje barn, Caroline “Carrie” Celestia.[1] Men landa dei slo seg ned i var ikkje opna for innflytting enno, og cirka eit og eit halvt år etter at dei kom måtte dei flytte. I boka utgav ho seg for å vera seks/sju år gammal for å halda på kronologien i bokserien i og med at “Little House on the Prairie” var den andre boka i serien.

Dei flytta då attende til Pepin i Wisconsin som var staden der handlinga i Lauras fyrste bok, Little House in the Big Woods, skjedde. Då hendingane i denne boka fann stad var ho tre år gammal, ikkje seks, som det står i boka. I tillegg til det som skjedde i boka, byrja Laura på skule. Ho var den yngste eleven ved Barry Corner School ; berre fire år gammal.[2]

På den sjuande fødselsdagen til Laura kryssa familien Lake Pepin, ein del av Mississippi-elva for andre gong.[3] Charles syntest det var kome for mange innflyttere til “den store skogen”. Han likte ikkje tanken på at ville dyr skulla leva i konstant frykt for menneske. Dessutan var det ikkje trygt å jakta med for mange folk i området, så Charles hadde på nytt avgjort å selja garden og dra vestover. Denne gongen enda dei opp langs med Plum Creek utanfor den sannsynlegvis meste kjende byen dei budde i (på grunn av TV-serien frå 1974-83), Walnut Grove, Minnesota. Først budde dei i ei jordhytte, men så bygde Charles eit trehus oppe på prærien.[4] Laura byrja på skulen igjen og fekk nye vener og “fiendar” som Nellie Owens. (I boka “On the Bank sin of Plum Creek” heitte ho “Nellie Oleson”).[5] Opphaldet deres i Minnesota baud på mange utfordringar. Plankane Charles brukte for å byggja huset var kjøpt på kreditt og skulle nedbetalast når innhøstingen av avlinger var ferdig. Då kom det ein “glittering cloud” av grashopper som åt opp all avlingen. Dette førde til at Charles måtte spasera meir enn 200 miles (ca. 320 kilometer) for å finna ein jobb som han kunne bruka til å nedbetala det han skulda.[6] Nokre månader etter, den 1. novemberen 1875, kom Lauras lillebror Charles Frederick til verda. Året etter kom grashoppene tilbake for andre gong.[7] Charles fekk nok og flytta familien først til South Troy, Minnesota, der nokre slektningar av Laura budde.[8] Di verre døydde Lauras lillebror der, berre ni månader gammal.[9] Deretter tok Charles seg ein jobb på eit hotell i Burr Oak, Iowa, og vart der i eitt år.[9] Der vart Lauras yngste syster; Grace Pearl Ingalls, født.[10] Då familien hadde budd i Iowa i eitt år, flytta dei tilbake til Walnut Grove. Laura tok seg jobb som kelner i eit nytt hotell i Walnut Grove, og då ho byrja på skulen der igjen, møtte ho for fyrste gong Genevieve Masters, som i to av Lauras bøker òg gjekk under namnet “Nellie Oleson”.[11] I tillegg vart Mary sjuk av skarlagensfeber (“scarlet fever”) og etterkvart òg heilt blind.[12]

. . . Laura Ingalls Wilder . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Laura Ingalls Wilder . . .

Back To Top