NN

Mannskapsavisa

Forsvarets forum (tidlegare Mannskapsavisa og Forsvarsforum) er eit magasin og ei nettside som skriv om det norske forsvaret og forsvars- og tryggingspolitikk. Magasinet blir laga etter journalistiske prinsipp og er underlagt Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Lov om redaksjonell fridom og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medie (medieansvarslova). Forsvarets forum er utgjeve av Forsvarets fellestenester på oppdrag frå forsvarssjefen. Hovudredaksjonen held til på Akershus festning i Oslo. I tillegg har redaksjonen eit kontor på Bardufoss i Troms.

Magasinet kjem ut seks gonger i året. På det meste kom det ut heile 22 gonger i året. I tillegg fekk magasinet nye nettsider i 2017, som ein del av ei større satsning på nettjournalistikk. I 2018 vann bladet fagpresseprisen «Årets fagblad». Opplaget er i 2018 på kring 65 000 eksemplar, men ifylgje ei undersøking Ipsos har gjort, les omlag 130 000 bladet.[treng kjelde] Forsvarets forum gjev òg ut podkasten «Krig & Sånn» som journalist Silje Kampesæter lagar, i lag med produksjonsskipnaden Både Og.

Ansvarleg redaktør (desember 2021) er Stian Eisenträger. Han tok over etter Tor Eigil Stordahl i august 2020. Erling Eikli er redaktør, Paal Ravnaas er redaksjonssjef og Ole Kåre Eide er digitalredaktør. Magasinet har til saman ti årsverk.

I 2017 vart det gjort framlegg om å leggja ned publikasjonen. Forsvarsstaben hadde gjennomført ei intern kostnadsutgreiing som førte til at forsvarsstabben ynskte å leggje ned bladet. Utvalet var sett saman av ni medlemer. Sju av desse arbeidde, eller hadde arbeidt, med kommunikasjonsapparatet i Forsvaret. Desse planane møtte motstand. Same år kom det fram i eit brev frå Forsvarsdepartementet til Forsvarsstaben at Forsvarets forum skulle stå ved lag. Det var det einaste punktet på lista over tilrådingar, der departementet, med dåverande Forsvarsstatsråd Ine Marie Eriksen Søreide (H) i spissen, gjekk imot utvalet til Forsvarsstabben.

I åra 1954 til 1963 hadde Kjell Aukrust ei fast spalte i Mannskapsavisa. Ho starta som Våre Duster. Seinare heitte spalta Folk og fe. Og til slutt Flåklypa Tidende. Her dukka dei kjende aukrustfigurane opp for første gang.

. . . Mannskapsavisa . . .

. . . Mannskapsavisa . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Mannskapsavisa . . .

Back To Top