NN

Reins kloster

Reins kloster eller Reinskloster, opphavleg Rein kongsgard, er ein norsk herregard austom Trondheimsfjorden, i Indre Fosen kommune i Trøndelag.

Bogegang ved Reins kloster.

Rein vart gjeven av kong Olav Kyrre omkring 1070 til Skule Tostesson Kongsfostre, som vart stamfar til kong Inge Bårdsson (d. 1217) og den yngre halvbroren hans, tronepretendenten hertug Skule Bårdsson (d. 1240). Klosteret vart oppretta på garden av Skule Bårdsson rundt 1230. Ruinane av klosteret er enno synlege, og tilhøyrer i dag Fortidsminneforeningen.[1]

. . . Reins kloster . . .

Ruinen av Reins kloster

Skule Bårdsson vart eigar av garden Rein tidleg på 1200-talet. I 1226 låg Skule farleg sjuk i Nidaros, og i det sambandet må han ha gjeve ein lovnad. Han lét byggja ei steinkyrkje, innretta eit nonnekloster og gav godset sitt til det. Første abbedisse var halvsystera til Skules, fru Sigrid Bårdsdotter. Klosteret vart ramma av eit lynnedslag og brann ned i 1317, men det vart seinare gjenoppbygd. Ruinane på staden er i dag verna.

Hertug Skules dotter, dronning Margrete, som var gift med kong Håkon Håkonsson, heldt til i dette klosteret på sine eldre dagar.

Det er uvisst kva for ein ordenstilhøyring klosteret har hatt, men ein trur at det har vore ei augustinarstifting for fornemme kvinner.[2] Rein nonnekloster låg på ei dominerande høgd i det flate Rissalandskapet, med vid utsikt mot den ytre delen av Trondheimsfjorden.

Ruinar og trebygningar ved Reins kloster i 1928.

Den mektige fruInger til Austrått vart i 1531 forstanderinne for klosteret, mot å sørgja for abbedissa og systrene. Etter reformasjonen vart Rein kloster overført som krongods. Fru Inger levde frå ca. 1440 og var den leiande personlegdomen til norsk adel. Ho var gift med Nils Henriksøn Gyldenløve. Han døydde i 1523, og ho levde i enkjestand fram til ho døydde i 1555. Då omkom ho ved forlis på SøvdefjordenSunnmøre, 85 år gammal. Ho og Nils Henriksøn fekk fem døtrer, men ingen søner.

Inger til Austrått levde i dansketida, og ho la ned eit stort arbeid for norsk sjølvstende. Fru Inger var dessutan den største eigedomsbesittaren i landet. Etter at ho døydde vart Rein med tilhøyrande jordgods, opptil 202 gardar, eit verdsleg len. Fru Inger si dotter Lucie vart gift med den skånske adelsmannen Jens Bjelke. Dei var oldeforeldra til Ove Bjelke som bygde Austråttborga i 1655. Den gamle herregarden vart då riven.

. . . Reins kloster . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Reins kloster . . .

Back To Top