Verdscupen i alpine greiner for menn i 2000-sesongen tok til 30. oktober 1999 i Tignes i Frankrike og vart avslutta 19. mars 2000 i Bormio i Italia. Turneringa omfatta 38 renn og 40 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 11 slalåmrenn, 9 storslalåmrenn, 7 super-g-renn, 11 utforrenn og 2 kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Hermann Maier frå Austerrike tok ein suveren fyrsteplass i turneringa, hans andre siger i den årlege verdscupen. Norske Kjetil Andre Aamodt kom på andreplass som året i førevegen. Austerrikaren Josef Strobl vart nummer 3.
. . . Verdscupen i alpine greiner 2000/Menn . . .
. . . Verdscupen i alpine greiner 2000/Menn . . .
This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]