NN

Verdscupen i alpine greiner 2010/Menn

Verdscupen i alpine greiner for menn i 2010-sesongen tok til 25. oktober 2009 i Sölden i Austerrike og vart avslutta 14. mars 2010 i Garmisch-Partenkirchen i Tyskland. Turneringa omfatta 33 renn og 34 individuelle tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 6 super-g-renn, 8 utforrenn, 3 superkombinasjonar og ei kombinasjonstevling, den siste basert på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor. Sesongen vart avslutta med ei lagtevling for menn/kvinner.

Carlo Janka frå Sveits vann turneringa. Nett som året før kom Benjamin Raich frå Austerrike på andre- og Didier Cuche frå Sveits på tredjeplass.

. . . Verdscupen i alpine greiner 2010/Menn . . .

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Carlo Janka  Sveits 1197 6
2 Benjamin Raich  Austerrike 1091 1
3 Didier Cuche  Sveits 952 5
4 Aksel Lund Svindal  Noreg 883 1
5 Ivica Kostelić  Kroatia 805 2
6 Marcel Hirscher  Austerrike 691 2
7 Ted Ligety  USA 667 1
8 Silvan Zurbriggen  Sveits 619
9 Julien Lizeroux  Frankrike 614 1
10 Michael Walchhofer  Austerrike 594 1
11 Reinfried Herbst  Austerrike 534 4
12 Didier Défago  Sveits 527
13 Erik Guay  Canada 487 2
14 Manfred Mölgg  Italia 474
15 Mario Scheiber  Austerrike 472
16 Manuel Osborne-Paradis  Canada 453 2
17 Kjetil Jansrud  Noreg 436
18 Werner Heel  Italia 419
19 Romed Baumann  Austerrike 407
20 Bode Miller  USA 361 1
21 Felix Neureuther  Tyskland 349 2
22 Davide Simoncelli  Italia 311
23 Massimiliano Blardone  Italia 309 1
24 Manfred Pranger  Austerrike 282
25 Michael Janyk  Canada 267

. . . Verdscupen i alpine greiner 2010/Menn . . .

This article is issued from web site Wikipedia. The original article may be a bit shortened or modified. Some links may have been modified. The text is licensed under “Creative Commons – Attribution – Sharealike” [1] and some of the text can also be licensed under the terms of the “GNU Free Documentation License” [2]. Additional terms may apply for the media files. By using this site, you agree to our Legal pages . Web links: [1] [2]

. . . Verdscupen i alpine greiner 2010/Menn . . .

Back To Top